Næringsminister Jan Christian Vestre.

Statsbudsjettet: Aukar tempoet i grøne industriinvesteringar

For første gang på ti år får Siva større musklar til å investere i grøne industrieigendomar. Regjeringa gjer i statsbudsjettet for 2023 framlegg om å løyve 100 millionar kroner til å styrke Siva sin eigedomsverksemd med ny investeringskapital.

Siva skal ha ei sentral rolle i det grøne industriløftet frå regjeringa. Dei er eit viktig verktøy for å utløyse meir privat kapital og senke barrierane for etablering av grøn industri i Noreg. Derfor vil vi bidra med 100 millionar kroner i frisk eigenkapital for at Siva kan prioritere grøne industri- og eigedomsprosjekt, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Eigedomsverksemd i Siva har i lang tid bidratt til industriutvikling i Noreg. No vil regjeringa bidra til at investeringane skal bli grønare gjennom at Siva blir styrka med 100 millionar kroner i eigenkapital, der grøne industri- og eigedomsprosjekt skal prioriterast.

Av midlane vert 35 millionar kroner tilført som risikokapital og 65 millionar kroner som eigenkapital. Siva sin eigedomsverksemd skal bidra til innovasjon og næringsutvikling, samtidig som selskapet er kommersielt innretta og har krav til avkastning. Siva sine investeringar skal alltid utløyse privat kapital.

Fem millionar kroner ekstra til kartlegging

Det tar tid og er krevjande å finne, regulere og klargjere nye industritomter. Derfor gjer regjeringa i tillegg framlegg om å auke løyvinga med ytterlegare 5 millionar kroner til kartlegging av nye industritomter.

– Dette styrker det vitale miljøet vi har i Trondheim for oppbygging av ny industriell infrastruktur, og det tar hand om Siva si oppgåve med å legge til rette for nye, grøne industritomter. Det er ein utruleg viktig del av arbeidet for å få fortgang på store grøne industriprosjekt, slik at vi sikrar verdiskaping og velferd for framtida, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Testfasilitetar for næringslivet

Siva tilføres òg 188 millionar kroner til å vidareutvikle ordninga med testfasilitetar for næringslivet (Katapultordninga), som fleire bedrifter og FoU-miljø kan gjere bruk av på deling. 40 millionar kroner av desse midlane skal gå til ordninga med testfasilitetar i distrikta, som vart oppretta i 2022. Det er til no oppretta fem nasjonale katapultsenter på område av stor verdi for utvikling av industrien i Noreg.

Våre siste saker her:

Internasjonal kunstfestival gjør Tønsberg og Færder til en utendørs scene
Dans på Verdens Ende, arkitekturinstallasjoner ved Vardås fort og forestillinger...
Konkurstallene skjuler en bekymringsfull trend
Konkursene falt med 13 prosent i andre kvartal 2026. Til tross for dette ble...
Cirkus Arnardo kommer til Tønsberg: Lover magi, spenning og latter
Fra torsdag 23. til søndag 26. juli fylles området ved Svømmehallen i Tønsberg...
Den viktigste oppussingen er kanskje den du ikke ser
Hjemme, blir trolig svaret for de fleste av oss. Konsekvensen av dette er at...

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.